• It's Learning
  • Facebook
  • E-post
  • RSS

Gratis meningokokkvaksine for elever

Den 11.12.2018 vedtok Fylkestinget at elevar i dei vidaregåande skulane i Hordaland fylke skal få gratis vaksine i 2019. Gratis meningokokkvaksine er eit førebyggjande helsetiltak som blir innført i 2019.

Gratistilbodet går til alle elevar både i fylkeskommunale og private vidaregåande skular. Tilbodet gjeld elevar på alle trinn som ikkje har tatt vaksinen før. Ein ungdom som vaksinerer seg på Vg1 er beskytta i ca. 5 år, altså vil ungdomen også vere beskytta gjennom russetida. Gratistilbodet vil seinare år difor gå til elevar på Vg1.
Fylkesdirektør opplæring stiller seg bak tilrådinga frå Folkehelseinstituttet som oppmodar ungdom mellom 16 og 19 år å vurdere vaksinasjon. På sidene til Folkehelseinstituttet finn de viktig informasjon om både meningokokksjukdom, og vaksinering mot denne. Ungdom og vaksine mot smittsom hjernehinnebetennelse.Informasjon om smittsom hjernehinnebetennelse. 
Praktisk gjennomføring:

  • Føringar for alle dei vidaregåanede skulane Bergen kommune: Vaksineringa vert gjennomført i veke 6 og 7. Eventuell oppsamling i veke 8. Skulehelsetenesta vel vaksinasjonsdag i samråd med skulen for å sikre at det ikkje kolliderer med andre planlagte aktivitetar på vaksinasjonsdagen/-ane. 
  • Dei andre kommunane i fylket vert oppmoda til å følgje same vekenummer for gjennomføring. 
  • For at rett tal vaksiner kan bestillast frå helsetenesta, må elevane som soknar til Bergen kommune levere ferdig utfylte skjema til skulehelsetenesta på eigen skule seinast onsdag 09.01.2019.

Personvern