• It's Learning
  • Facebook
  • E-post
  • RSS

Foreldremøte for de som har russ 2019

Hordaland fylkeskommune i samarbeid med politiet i Bergen inviterer til foreldremøte. Er dottera eller sonen dykkar russ denne våren, er de inviterte på møte.Det er mange som samarbeider for at russen skal ha ei trygg og god russefeiring. Målet er å skape klare rammer for russen, slik at dei kan oppleve russetida på ein positiv og sikker måte, utan varige negative konsekvensar.

Politi, skulehelsetenesta, hovudrussestyret og opplæringsavdelinga vil vere representerte på møtet. Det vil bli informert om arbeidet rundt russen, utfordringar, arrangement, og kva vi i fellesskap kan gjere for å bidra til trygge rammer.  
Møt opp og få innspel om korleis de som føresette kan støtte og engasjere dykk i ungdomane gjennom russetida.

Tid:Tysdag -19.02.2019 - kl 18.00-20.00
Stad:Amlie Skram vgs - Hans Tank auditorium

Invitasjon og påmelding




Personvern