2962.jpg

Arne Kleppestrand

Lærer i matematikk og naturfag

E-post: Arnkl@stpaulgymnas.no

Eg er utdanna ved Universitetet i Bergen, der eg studerte matematikk, fysikk, informatikk og praktisk pedagogikk. I 1999 tok eg hovudfagseksamen i algebraisk geometri. Etter det jobba eg 12 år i offentleg vidaregåande skule, før eg hausen 2012 starta som lektor ved St. Paul gymnas. Eg synest det er svært gjevande å undervise, og forhåpentlegvis få elevane til å oppdage det vakre og spennande i matematikken.

Etter at eg i 2014 kjøpte elbil, har eg også fått stor interesse for, og kunnskap om, elektrisk mobilitet og fornybar energi. Eg oppmodar gjerne elevane til å vurdere ein utdanning i den retning, sidan mange av dei nye jobbane vil kome innan fornybarfeltet.

Eg er gift og har 4 barn i alder frå barneskule til universitetsstudent. Mange av barna har vore aktive symjarar, og eg likar framleis å følgje med på den sporten. Eg konverterte til den katolske kyrkja i 2008.

 

manage cookies