2790.jpg

Kjersti Wold Slettebø

Lærer i norsk og historie

E-post: Kjesl@stpaulgymnas.no

Eg blei fødd i 1989 og vaks opp midt på tjukkaste Jæren. Som lita jente var eg tidleg glad i å lese, og Harry Potter var favoritten. Allereie då eg skulle starta på vidaregåande forlèt eg Jæren til fordel for Sørlandet. Skulen eg budde på og gjekk på, hadde elevar frå heile landet. Og det var med på å vekka interessa mi for dialektar. Lite visste eg likevel då om at eg kom til å ta ein mastergrad innanfor nettopp dialekt og norsk språk. Den skreiv eg ved Universitetet i Bergen og leverte i 2014. Dette gjer dessverre at eg framleis har ei ekstremt stor interesse for språk. Så om du kjenner at du treng ei lita avsporing i timane, er det lett å vippa meg av pinnen med spørsmål om nettopp språk og dialektar. I tillegg brenn eg for at du skal oppdaga kor mykje som ligg i god litteratur, og at du skal læra å skriva gode tekstar. Eg har òg utdanning til å undervisa i historie.

Læraryrket er variert og gjevande. Og det er de elevar som gjer at det er nettopp det. Eg er så takksam for at eg kan få følgja deg eit lite stykke på vegen gjennom livet, og håpar og trur at du kjem styrka ut av åra på St. Paul, både på kunnskap om deg sjølv og om verda.

På privaten er eg godt gift og har to herlege, tidkrevande, nydelege og interesserte ungar. Dei skapar liv i heimen og grå hår. Når eg får vera saman med familien heime, på tur, eller på reiser, har eg det godt. Og gode vener betyr mykje for meg. Men som alle andre treng også eg å kopla av. Det gjer eg gjerne med beina godt planta i sofaen med ei god bok, ein god serie (gjerne krim), eller så «nørdar» eg litt med «Eides språksjov».

 

manage cookies