Prosjektstilling som miljøterapeut Les mer her: Stillingsbeskrivelse og søknad
Vi ser etter ein person som kan vere med å bidra positivt i det sosiale miljøet til elevane på skulen vår og som i tillegg kan ha eit ekstra auge for elevar som treng ekstra tilrettelegging ved behov. Den vi ser etter er ein trygg vaksen som er god på å skape relasjonar med ungdommar, som kan jobbe sjølvstendig og som tek initiativ til sosiale hendingar i skuletida eller på ettermiddagstid. Du vil vere tilknytt elevtenesta på skulen som jobbar for inkludering av alle elevar både fagleg og sosialt.
Arbeidsoppgåver:
- Ta initiativ til og organisere sosiale hendingar for elevane.
- Sjå enkeltelevar som treng ekstra oppfølging.
- Vere til stades i friminutt og lunsj-pause.
- Bli med VG1 på tur til Strandebarm i september.
Kvalifikasjonar:
- Helsefagleg eller pedagogisk utdanning (fagbrev el. bachelor), evt. erfaring innanfor liknande arbeid.
- Gode språkferdigheiter i norsk munnleg og skriftleg.
- Gyldig politiattest må framvisast ved tilsetting.
Personlege eigenskapar:
- Vere ein tydeleg og trygg vaksen.
- God på relasjonsbygging og inkludering.
- Sjølvstendig og ansvarsbevisst.
- Gode evner til å samarbeide med andre, både elevar og tilsette.
- Personleg motivert til å bidra til eit inkluderande og godt miljø for elevane våre.
- Forutsigbar
- Initiativrik

