Ekskursjon til Mjølfjell

Ekskursjon til Mjølfjell

Skredfarevurdering på Stanghelle

Skredfarevurdering på Stanghelle

GEOFAG

Korleis blir eigentleg olje og gass til? Kvifor får me tsunamiar, jordskjelv og store vulkanar på jorda?  Kvifor regnar det så mykje i Bergen? Kjem det til å regna meir i framtida? Korleis formar ein isbre landskapet, og korleis blir dei skarpe fjelltoppane til? Kvifor kan tornadoar bli så destruktive?  

Dette er spørsmål som me svarar på i geofag. Gjennom geofag 1 og 2 får du ein stor innsikt i alt frå korleis jorda er oppbygd, kva dei store naturkatastrofane kjem av, kvifor vêret er som det er i Bergen og korleis klimaet på jorda har vore frå dinosauranes tid til i dag. For å svara på desse spørsmåla jobbar me med ulike karttypar, satellittbilder, animasjonar, og me er sjølvsagt ute i felt for å sjå på ekte geologi, gjera vêrobservasjonar og kartleggja geologiske farer som til dømes skred.  

Sidan skulen ligg eit steinkast unna Universitetet i Bergen er me òg innom her for å få det ferskaste frå forskninga innan til dømes klima, samt at me får sjå korleis geologar jobbar.

manage cookies